FFM i Møre og Romsdal                             

 

Invitasjon til haustsamling i muskelforeininga

Vi inviterer til haustsamling i Kristiansund helga 25-26.oktober. Samlinga vert på Rica Hotel Kristiansund.

Programmet for samlinga er ikkje heilt klart men noko vert det. Hovudfokus er det sosiale der vi møtast og vert kjende med kvarandre.

Laurdag møtast vi på hotellet til lunsj klokka 13.00. Etter dette satsar vi på å ha ein informasjonsstand på handlesenteret i sentrum av Kristiansund, Amfi Storkaia. Middag ca 19.00. Før middagen håper vi på å få til eit foredrag og har sendt ein førespurnad til Nils Erik Ulseth som har delteke i fleire Paralympics. Kanskje får vi til noko eige for ungdommen og på kvelden.   

Samlinga er med overnatting for dei som ynskjer det. Lunsj, middag, overnatting og frukost for deltakarane vert betalt av foreininga. 

Påmelding til leiar på sms 991 26 115 eller e-post sslagnes@online.no.

 

 

 

Geir Haugli                                                                    Bjarthild Slagnes

 -sekretær-                                                                           -leiar-

Takk for en hyggelig helg i Kristiansund!